Forsiden

:NAMN: "Tanken på at det finst ei nettside som ikkje har eksistert før, men som no er i ferd med å løyse sånne draumesykkelproblem er jo veldig fin."

  • Erlend Loe har vore forfattar i 30 år – framleis er han tru mot skrivestilen han fann i tjueåra, skriv intervjuar Kjell Åsmund Sunde i Nynorsk Pressekontor.

 

Erlend Loe er aktuell med ny bok og jubilerer samstundes som forfattar. Ifølgje han sjølv er skrivestilen rimeleg lik no som då han debuterte, og han er framleis like engsteleg for bokmeldingane – om ikkje meir.

Loe har gitt ut ei rekkje bøker og skrive både TV-seriar og filmar i ei årrekkje. Han har hausta ros både i inn- og utland. Likevel er han framleis nervøs når dommen fell over noko nytt han har gitt ut.

– Det er følsamt og det blir verre og verre. Når det nærmar seg tidspunktet du skal gi ut noko, så kjenner eg på det. Det er jo ikkje farleg – folk bryr seg jo på ein måte ikkje, men likevel er det som ein skal dømmast offentleg, seier Loe til Nynorsk pressekontor.

– Det er verre no enn i byrjinga. No er eg jo etablert, og då må det jo vere bra, seier han.

  • Postfly-pilot eller forfattar

Sjå for deg at du er i den kanadiske villmarka. Ved ein liten innsjø omgitt av skog ligg ei tømmerhytte. Det er stille, roleg og sola skin. I horisonten skimtar du eit lite fly som kjem nærare. Flyet landar mjukt på innsjøen og legg til ved ei lite brygge. Ut går ein mann med ein pakke under armen. Han legg den på trammen til tømmerhytta og få minutt seinare er han i lufta igjen, på veg til ei ny hytte med ein ny pakke.

– Det er ein morosam tanke. Hadde eg ikkje vore forfattar, så hadde det vore draumejobben, seier Loe.

Eit slikt liv kunne Loe ha sett for seg å leve, men vi møter han på Bislett i Oslo eit steinkast frå kontoret der han enda opp med å jobbe. Han deler lokale med fleire, men har eit eige kontor der han sit og skriv. Frå han var i tenåra har han visst at han ville leve av å skrive, men at det var akkurat forfattar han skulle bli blei ikkje klart for han før den første boka hans var publisert.

– At den boka gjekk såpass bra var veldig tilfredsstillande, og eg følte meg veldig på plass i meg sjølv. Eg hugsar eg tenkte at kanskje dette var noko eg kunne gjere meir av.

  • Produktivt yrkesliv

Debutromanen til Loe heiter Tatt av kvinnen og kom ut i 1993. Gjennombrotet kom med boka Naiv. Super., som kom tre år etterpå. Sidan den gong har det komme 13 romanar til, ei rekke barnebøker og manus.

– Eg føler at eg har hatt eit produktivt yrkesliv. Det eine har på ein måte tatt det andre, fortel forfattaren.

Av høgdepunkt i karrieren trekker han mellom anna fram alle dørene som har opna seg.

– Eg føler meg jo heldig. I utgangspunktet tenkte eg vel kanskje at eg kom til å ende som journalist, som absolutt hadde vore fint det òg. Men så fekk eg gitt ut den første boka, og då tenkte eg at det her kan eg jo kanskje klare å leve av. Så sit eg her då – 30 år seinare.

Fleire av bøkene hans har òg blitt omsett til fleire språk. Det har gjort at Loe har fått moglegheita til å reise mykje i åra som forfattar.

– Nyleg var eg i Bhutan der eg snakka om boka Doppler. Det følast jo på mange måtar veldig rart, sidan det er ei 15 år gammal bok. Men eg seier ikkje nei takk til ein tur til Bhutan når moglegheita byr seg, seier Loe og smiler.

Utanlandsturane har òg opna auga til Loe for kor heldige vi er i Noreg.

– Då eg var i Kina, var det to politiske offiserar frå styresmaktene til stades for å passe på at eg ikkje snakka om demokrati. Då skjønar ein at vi i Noreg er heldigare enn vi trur, uansett kven som vann valet nyleg.

  • Alvor og skjemt

Bøkene til Loe er skrivne på ei humoristisk måte og forteljargrepet med å veksle mellom realisme og absurditet finn ein att i rekkje av bøkene hans. Han er likevel oppteken av at det skal vere eit alvor bak humoren.

– Humor blir nesten aldri morosamt viss det ikkje er alvor ein stad. Mykje av det eg sjølv likar, har både humor og tragedie i seg. Det er ikkje lett å vere menneske og det må avspeglast om noko skal bli morosamt. Det er ikkje mange som skriv om folk som har det tipp topp. Det er ikkje nokon vits.

Erlend Loe fortel at han sjeldan har heile historia klar for seg når han set seg ned for å skrive på ei ny bok. Foto: Kjell Åsmund Sunde/ NPK

Sjølv les Loe mykje og hentar mykje inspirasjon frå andre forfattarar. I tillegg avslører han at kvardagslege innfall og idear har vore viktige å ta vare på og ta med seg inn i skrivinga.

– Eg set meg nesten aldri ned og har heile historia klart for meg. Eg har ein klar ide, med nokre enkeltståande tankar om kva eg vil ha med. Så blir historia til medan eg jobbar. Det er improvisasjon, fortel forfattar Loe.

– Skriv du på ein annan måte no enn for 30 år sidan?

– Nei, ikkje veldig annleis, trur eg. Eg utvikla ganske tidleg noko som var distinkt mitt. Så for alle som les meg, så er det kanskje akkurat det dei set pris på.

  • Sykkel i sentrum

I den nye romanen Drømmenes sykkelregister møter vi ein hovudperson, med fire ulike namn, som til stadigheit mistar sykkelen sin når ho drøymer. Ho endar difor opp med å lage eit sykkelregister der folk over heile verda kan rapportere inn syklar dei mistar eller finn i draumane sine.

– Nokre idear kjem sakte snikande, men denne kom meir som i eit knips. Eg tenkte at: Ja, det er morosamt. Dette likar eg. Så måtte eg sjå kva eg kunne få ut av det. Så tok det eine det andre ganske fort.

For Loe er òg sykkelen viktig i det verkelege liv. Han syklar mykje og har gitt ut ei biografisk bok med det å sykle på einhjulssykkel som bakteppe.

– Sykkel er ein viktig del av livet mitt. Eg har sjølv fleire gonger drøymt at eg mistar sykkelen min. Så her dukka ideen om å lage ei bok om eit register for forsvunne syklar opp frå eigne erfaringar i drøyme. Eit slikt register var og er ein absurd, men også tiltrekkande storleik for meg. Tanken om at det går an å lage eit nettverk av folk som er opptekne av draumesyklane til kvarandre er forlokkande.

Men det er ikkje berre i boka eit slikt register eksisterer no. På slutten av boka blir lesarane presentert for nettadressa dreambikeregister.com. Ei nettside som blei oppretta i kjølvatnet av at boka kom ut.

– Tanken på at det finst ei nettside som ikkje har eksistert før, men som no er i ferd med å løyse sånne draumesykkelproblem er jo veldig fin. Då har eg i alle fall gjort ein ting her på jorda, konstaterer Loe og smiler.

  • 30 år til?

Loe er allereie i gang med å pusle med ein ny roman. I tillegg jobbar han med manus til ein ny film og ein ny TV-serie.

– Blir det 30 år til som forfattar?

– Om 30 år er eg 84. Eg heng vel framleis med då? Det er eit stort tal bøker eg har lyst å pusle med, men det ideelle hadde kanskje vore å roe ned litt og tenkje meg meir om. Uansett så vil eg vil gjerne stå løpet ut, om det lar seg gjere, avsluttar forfattar-jubilanten.

(©NPK)